KNOT
  • Forside
  • Butikk
  • Utstillinger
  • Om oss
  • In English, please!
Gradient forsidebilde

Islandsk kulturarv - ei visuell tolkning

Katrin Berge stiller ut illustrasjoner fra sitt masterprosjekt “Islandsk kulturarv – ei visuell tolkning”.

Lange periodar med mørke på vinterstid, valdsame lava- og steinformasjonar, menneskeliknande silhuettar og landskapsformer som ber preg av ei anna verkelegheit. Skyer av varm damp som hever seg, buldrande og knirkande lydar frå bakken, skvettande gjørmehòl og virvlande skuggar av sand og støv. Dette er noko av det som definerer Island sin kontrastfylte natur – eit miljø som fungerer som perfekt kamuflasje for monster, mennesketande troll, kjemper, gjenferd, trollmenn, alvar og andre figurar av underjordisk karakter. Island sit på ei enorm skattkiste av overnaturlege fenomen og forteljingar som fortener å bli verdsett og verna om i den moderne tidsalderen.

Gjennom prosjektet mitt ønskjer eg å setje fokus på verdien av å undre seg over det fantastiske og fantasifulle – segn, legender, fenomen og alt dette mystiske og forunderlege som pregar Island sine omgivnader, identitet og kultur. Eg vil vekke fornya nysgjerrigheit og interesse hos både unge og gamle ved å vise ei personleg og moderne tolking av Island si overnaturlege verd.

Finanskrisa som inntrefte den 8. oktober 2008 på Island forandra livet og økonomien til over 300 000 innbyggjarar. Krisa fekk store konsekvensar for ein heil nasjon; eit land som av utenomverda før vart sett på som velståande, hadde no tapt ansikt og samstundes mista ein del av den nasjonale stoltheita. Så med bakgrunn i denne hendinga spurde eg meg sjølv: Korleis kan eg som illustratør auke den nasjonale stoltheita til islendingane gjennom å visualisere kulturarva deira? Prosjektet mitt har resultert i ei illustrativ forteljing om ei faktisk hending med fokus på positive verdiar. Eg har lagd eit produkt med referanse til verdipapir og skal assosierast med pengesetlar, noko som visast gjennom slektskap til desse. Pengesetlane skal fungere som eit estetisk samle-  objekt og som ein kommentar til krisa for å auke stoltheita og sjølvkjensla til islendingane.

Med inspirasjon frå islandske segn, mytar og fenomen har eg laga karakterar og forteljingar basert på ei personleg tolking for å kommentere denne hendinga. Ved å ta utgangspunkt i ei verdifull kulturarv verner eg om den gamle stoltheita i tolkningane mine av det overnaturlege, og set ny fokus på Island sin store skatt: ein utømmeleg brønn av vedunderlege forteljingar og fenomen!

torsdag 17. juni 2010 til søndag 15. august 2010